søndag 13. februar 2011

Ei fin helg :-)

Kor utrulig godt det gjer med sol og finevær !! Her oppe i lida har vi sola fra halv ti på morgonen og heile dagen , berre fantastisk fint !
Valpene veks fort og den største er tett på eit kilo no så Gaya slit veeeeldig med å klare å bære rundt på dei -heldigvis ! Siste to nettene har vore ganske rolige så no øyner eg eit håp om meir sammenhengende søvn. Roger måtte trå til i går og ta bilde av en og en- kjekt å sjå kor kvar enkelt veks til for dei som skal kjøpe valp her - men det er det verste (nesten da) eg skal be han om :-) sukk og stønn kvar gong men han må berre belage seg på at han må til trå til kvar veke framover no hehehe.
Laurdag hadde eg og fire hunder oss ein flott tur på Okla (pølsa):
Målet i sikte !


Morsdagsfeiring i ettermiddag og då fekk vi besøk av bl.a. dette paret:

Dei fekk sjå på en ta småvalpene og vart ganske forundra over synet ja :-)
Johannes syns faktisk den lille valpen var liiitt skummel - om ikkje lenge kjem valpen på beina og då blir det nok meir stas :-)
Så krysser vi fingre for mykje sol og varme neste veke !!!

1 kommentar:

  1. Nydelege bilde,både av naturen,2 beinte og firbeinte!Du e spreke!:-)
    Å for nokre skjønninga du hadde på besøk;))

    SvarSlett