fredag 30. desember 2011

11.11.2011 - tur på Ivasætra i Syvde :-)

Været kunne ikkje bli bedre såpass seint på året , ikkje veldig vanlig at vi på denne kanten av landet har skyfri himmel og plussgrader i mange dager sammenhengande langt ut i november så når mor mi foreslo en tur på Ivasætra var vi ikkje tunge å be. Og det vart eit minne for livet ja :-) !!
Her har eg trakka mange gonger i min oppvekst - plukka blåbær og molter ilag med mi mor,  mormor og tante Berit  eller berre på fjelltur ilag med venner , og ikkje minst ilag med med morfar - han gikk alltid først - i eit passe tempo - eine handa på ryggen og i hi ein "fjellstav" (laga av ei tjukk grein) og vi ungane gikk bak - nøyaktig på samme måte- eine handa på ryggen og stav i hi - i roolig tempo.


Tante Berit og mamma.


Meir moderne stavar idag ja ......



Syvde- ei perle !!


Desse tuppene var naturligvis med - første gongen dei e her  men vi tek nok turen igjen til neste år !



Oseberget- eg har vokse opp i ein motbakke - eller undabakka alt ettersom - bratt e her iallefall :-) Her har vi hjelpt besteforeldre med slåtten i heile barndomen - hesja , raka ,trakka i silo, drege ned turrhøy og hengt på traktoren for å lage motvekt så den ikkje skulle velte :-!! Og bada nede i støda på ettermiddagen når arbeidsdagen var over - mykje sol om sommaren i dei dager .
GODE MINNER :-)

torsdag 10. november 2011

Vallahorn-tur 9.nov.2011


Vi har hatt ein fantastisk varm og fin november månad - vi er absolutt ikkje bortskjemt med oppholdsvær så langt i 2011 .......snø hadde vi til mai - sommaren regna vekk og så vart vi spådd ein like lang vinter som i fjor - men der gikk dei fem på gitt !! Ingen snø og kulde i sikte enda iallefall og vi må berre nyte det ! det gjer iallefall vi. Og fjella står berre og roper på oss :-) Turen denne dagen gikk til Vallahornet i Ørsta - 808 moh , tungt og bratt i grunnen men vi e no vant med motbakka her så pytt sann :-)






Stien oppover er merka ja........Dette er ein del av ruta opp på Saudehornet - i år var det 10 års-jubileum på Saudehornet rett opp – 1303 høgdemeter - frå tareblad til tinderad :-)


Utsikt utover Ørsta - bygda . Fjella rundt gjer at sola ikkje rekk ned mange stader så seint på året.

fredag 30. september 2011

Haust 2011

Endelig en dag med opp mot 20 grader og lettskya - perfekt turvær !! Litt mat og drikke i rumpetaska og pølsa/okla neste mål. Deilig å kunne gå tur i sommerklær i slutten av september !!


langt der nede står bilen ja......























Godbitsøk på toppen, alltid populært men opppsss !! ikkje utfor kanten her !! det går no nesten rett ned der !!
Ikkje noko å seie på utsikta fra okla nei- Ørsta og fjella rundt er eit vakkert skue.


Hytta på "bandet" ehhhh - nei på "okla" :-) jaja- hytte og hytte fru Blom ......




Utsikta over mot bl.a. Grepalida der vi bur.


Fornøgde hunder og eigar tek no velfortjent kveld med noke godt å ete og drikke :-)

torsdag 1. september 2011

Saga på besøk...

Tok ei lita klipperunde på Saga før ho skal stilles på valpeshow i Ørsta laurdag .......ho e hakket før kengeru! låg på to hjul rundt i huset, hoppa og spratt - rett og slett full av f.... men gikk fint å klippe henne då heldigvis :-)






onsdag 31. august 2011

Hovedkurs Ettersøkning Bømoen på Voss august 2011- A-tren.

Innkvartering på ein av Norges eldste militærleire, enkel standard :-) men slik bruke vi å bu på hovedkurs, trivelig kursstab, trivelige romkamerater og eit supert treningslag ,god mat og dyktig instruktør gjorde dette til ei super veke !

 



Her skulle det trenast på mykje :

Bruk av MapSource og GPS

Vi skulle søke i bebyggelse :


Søk i vatn :


Søk i ulendt terreng der det var nødvendig med sikring av både hund og fører...

Søk i elv der en også treng sikring på hund og fører.....




Alle på A-godkjenningslaga fekk helikopter-trening og vart så henta av seakingen då liksomaksjonen starta og frakta alle ekvipasjanen inn på fjellet. Vi på A-tren hadde lagt opp til søk i forskjellige områder og hadde ansvaret i KO. Det vart ein lang og lærerik dag, underveis fekk vi to ukjente "aksjoner" av politiet der Ingrid Hesjadalen fekk vist sine talent på fleire områder :-) Uheldigvis vart der også ei trasig episode for ein av hundeførerane som kom over ein ikkje planlagt person i sin teig som vart ganske krakilsk men heldigivis rykte politiet raskt ut og fekk hanka han inn.

På teigsøket jobba Gaya godt og fann figuranten veldig greit , kjekt å sjå :-) ved bilen venta denne dama - ho lurte veeeelig på ka vi styra med ja.


Godt å slappe av i sola etter dagens økt.......


Liiiitt trangt i gondolen på Hangur-bana med 7 hunder og 7 førere med sekk som frakta oss til toppen, men gikk fint-berre et sammenstøt underveis :-)

Instruktør Arve Holm gjorde en stor jobb for at vi skulle få til søk både under vatn og i vanskelig terreng ......


Kjekke og sosiale kvelda hadde vi ja :-)


Kurset vart avslutta med tradisjonsmat fra Voss der vertskapet stilte i bunad :-) ei flott avrunding på ei flott veke !!
Har dessverre ikkje bilde av vertskapet - berre maten ......












































søndag 10. juli 2011

Nokre resultat ........


På NKK si utstilling i Trondheim stilte vi berre Priscilla, ho fikk Exellent og det var det , dommer syns ho var litt kort i beina ja :-)

BIR og BIM gikk til Torhill - Chico og Chupa har Ulisse som far-kanonfine !!


Det var ei trivelig helg i Trondheim med masse kjentfolk og godt lag ,og ikkje minst artig å få sjå Kjellaug og Tutsi(Skjervtorpet's Eminente Tutsi) gå agility hopp , på Vestnes no idag tok dei siste nappet og rykte opp i klasse 2 - gratulerer så masse til dei !!

Det er høgsesong for utstilling/stemner så vi prøver no å få med det vi kan dette året , no lørdag var vi på Vestnes Hundeklubb sitt stemne i Tresfjorden, flott stemne i nydelig sommervær.

Der stilte folk seg ut ! vart ikkje premiert !! men god kritikk og kunne muligens gått videre i avl...........


Små valper på 5 mnd må berre få kvile i mellom slaga, Saga syns det gikk an å ligge litt i fanget til Synnøve :-)


Synnøve stilte Adira til BIR på Adira sin 1-års dag :-)


Triveligt selskap :-)


Skjervtorpet's Bella Saga of Gaya vart BIR, BIG og utstillingens 4. beste valp :-)


NordJW-10 Foogel Priscilla vart beste tispe , fekk sitt første cert og vart BIM denne dagen :-)
Var ganske so fornøgde då vi køyrde heimatt ja !!

No står snart ferien for døra og då har vi jammen klart å legge inn ei 3 dagers utstilling på Ransäter i Sverige for Glittra og Priscilla....